Hopp til hovedinnhold

Informasjon

Vestland Botaniske Forening

14.June 2026 10:00 - 13:00

Kontaktperson

Sogndal Turlag

90200638

sogndal.turlag@dnt.no

VELKOMMEN TIL VILLBLOMSTENES DAG TUR TIL URNES STAVKYRKJE

Sogndal Turlag ynskjer barn og vaksne velkommen til villblomstdag i landskapet rundt Urnes stavkyrkje. På turen vil vi bli kjent med kva blomar som veks i grøfter og vegkantar og på beite- og slåttemark. Økolog Liv Norunn Hamre vil fortelje om kjenneteikn, lokale namn og andre kuriositeter om blomane vi finn, og May Britt Sva frå Sogndal turlag gir oss enkle tips og triks for å bli ein betre plantefotograf.

Vi satsar på ein felles matpause i løpet av turen, så ta gjerne med drikke og nistepakke. Det blir servert kake og kaffi.

Turen varer 2-3 timar, vêret bestemmer.

Turinfo:

Turleiarane reiser med 10-ferja frå Solvorn, tar du ferja med oss oppmoder me til å setja igjen bilane i Solvorn.

Kjem du frå andre sida er det oppmøte i tunet ved Urnes stavkyrkja kl. 11.

PÅMELDING og mer info her: Villblomstens dag – Botanikk og fototur til Urnes Stavkjyrke | Sogndal Turlag