Møkster har ein fantastisk flora og interessant geologi. Her er det kalkrik grunn, så det er mange sjeldne planter. Vi skal gå i terrenget heilt ut mot havet til jettegrytene dersom veret er bra. Undervegs finn vi fine informasjonstavler om naturen på øya. Vi reiser med hurtigbåt frå Leirvik kl 10.22 via Rubbestadneset (atterhald om endring i rutene). Dersom veret er bra, bruker vi heile dagen på Møkster, og stoppar i Bekkjarvik og får med oss den gode fiskesuppa deira på returen. Er veret ikkje fullt så bra, blir det ein kortare tur utan middag etterpå. Turleiarar er Odd Winge (93455414) og Sigrun Vik Nilsen (99507625) NB! Påmelding til turleiarane.