Kryptokveld #1 – Lavnøklingskveld

Har du lyst å læra meir om lav og bli betre på å kjenna igjen artar? 27. september har du sjansen.
Kryptoklubben er studentgruppa for Norsk Botanisk Forening på NMBU. I haust arrangerer me nøklekveldar for nye og gamle botanikk-interesserte. Å nøkla er ein framgangsmåte for å finna fram til rett art. På denne kveldane vil det bli gitt grunninføring i artsgrupper, og du får trening i læra kjenneteikn på mange forskjellige artar. Du treng ingen forkunnskaper utanom interesse for å læra om det fascinerande mangfaldet som finst i naturen vår.
Me startar kl 18 med ei kort innføring kva lav er og korleis ein kan artsbestemme dei. Deretter ser me på materiale frå NMBUs mangslungne samling av både vanlege og sjeldne artar. Har du eige materiale du vil bestemma er du velkomen til å ta med dette og. Oppmøte i foajeen på Sørhellinga, så samles me i labben (SU113).
Viss du har handlupe, artslitteratur eller bestemmingsnøklar må du gjerne ta med dette, men me stiller òg med luper og noko litteratur.
Rundt kl 19 blir det pizza. Dei som vil ha pizza, må sette seg som attending/kommer eller melde fra til kontaktperson før kl. 17:00 dagen før.
Utover hausten blir det fleire nøklekveldar kor det blir mogleg å læra om andre organismegrupper som mose og lav. Alle arrangementa til Kryptoklubben finn du på: https://www.facebook.com/Kryptoklubb/events
Spørsmål om arrangementet? Ta kontakt med Gaute Eiterjord på (46892288) eller Sara Kristoffersson (93090786)

Oppmøtested

Rom SU113, vi møtes i foajeen på Sørhellinga