Dagen starta, som så mange andre dagar sommaren 2007, med trugande skyer og usikkert vêr. Det gjorde nok sitt til at berre tre personar deltok på turen. Turleiar fekk seinare melding om at det var eit par som hadde tenkt seg på tur, men blingsa på datoen. Vi som hadde møtt opp sette likevel ivrig i veg. Rognstadhøgda er eit relativt høgtliggande område (ca. 400 moh) mellom bygdane Byflaten og Brumund. Stort sett består bakken av morene, men enkelte stader kjem underliggande kalk opp og lagar rike område. Det var eit slikt vi hadde tenkt å oppsøke. Turleiar hadde på førehand fått grundig info av Asle Bruserud og undersøkt området, og i tillegg hadde vi eit kart å gå etter. Vi starta med å gå sørøst frå der vi parkerte bilen, inn langs ein skogsbilveg. Meininga var å oppsøke ein lokalitet for bittersøte Gentianella amarella som var avmerka på kartet. Etter å ha krongla oss oppover ei kraftgate kom vi til staden han skulle vekse, men terrenget var såpass ulendt at vi ikkje greidde å lokalisere han. I staden fann vi nokre individ med seintblomstrande nyresoleie Ranunculus auricomus agg. som turleiar i vanvare trudde var grøftesoleie R. flammula. Området rundt, ei hogstflate, hadde relativt rik lågurtvegetasjon.
Turen ned til parkeringsplassen gjekk langs ein skogsbilveg der det skulle vekse dvergjamne, heller ikkje denne greidde vi å sjå. Vi fulgte fylkesvegen mot nordvest, og kikka på avblomstra enghaukeskjegg Crepis praemorsa og blomstrande villin Linum catharticum i vegkanten. Tidlegare på sommaren var det óg mogleg å sjå bitterblåfjør Polygala amarella i blomst her, men såpass seint på sesongen var plantene borte. Vi slo inn på ein anna skogsbilveg i rett nordgåande retning, og fekk etter kvart selskap av både villin, skogmarihand Dactylorhizha fuchsii, gulstarr Carex flava og ljåblom Parnassia palustris ssp. obtusifolius i grøftesiget langs vegen. Eit par hundre meter oppover vegen tok vi av mot aust inn i skogen for å sjå på ei lita rikmyr. På myra voks mellom anna myrsauløk Triglochin palustris, breiull Eriophorum latifolium, stortveblad Listera ovata og hårstarr Carex capillaris. Tidlegare på sommaren hadde turleiaren funne fuglestarr C. ornithopoda på myra, men no var han stort sett visna bort. Det lyktast likevel Anders Breili å finna eit sterkt redusert individ til slutt.
På tur ned att til bilen fekk vi følgje av kuer. Ved bilen valgte ein turdeltaker å reise, men tre av oss reiste vidare opp til Veldre Sag. På saga fekk vi på ny vitjing av kuer som var svært så nysjerrige på kva vi satt og åt. Sjølv fatta vi interesse for dammen på området, og Anders nytta polaroidsolbrillene sine til å kikke ned i vatnet. Blant fleire artar tjønnaks Potamogeton sp. fekk han auge på ei plante som moglegvis kunne vera haustvasshår Callitriche hermaphroditica. Denne dammen må sjekkast ut grundigare ved ei anna anleiing! Etter å ha ete ferdig gjekk vi for å ta hovudattraksjonen i augesyn, nemleg haustmarinøkkel Botrychium multifidum. Etter litt leiting rundt på den tørre enga fann vi opptil fleire individ. Nokre av dei svært så kraftige, andre spinkle og små. Det vart mykje fotografering, og turleiar var så uheldig å leggja seg midt i ei eitermaurtue! Det vart likevel vurdert til å vera verdt det i etterkant. Etter å ha funne meir haustmarinøkkel på ein lignande tørr eng rundt 50 meter lenger bort fekk tquren ein brå slutt, då ein grunneigar stakk hovudet ut av ein bil og sa frå til turleiar om at det sto ein flokk kuer og sleika på bilen hans! Dermed bar det raskt tilbake til bilen for å jage bort dei nyfikne dyra. Det ble ein vellukka tur, til trass for lågt oppmøte haldt vêret seg rimeleg bra heile tida. Og avslutninga med haustmarinøkkel i slike mengder var fullkomen!
Torbjørn H. Kornstad (turleiar)